Vi presenterer Norsk seniorpolitisk barometer på Forskningskonferansen fredag 30. oktober. Ipsos er nå i innspurten på intervjuene med 3000 medarbeidere. I tillegg til å fortsette med de samme spørsmålene om holdninger til eldre arbeidstakere siden 2003, har vi i år tre nyheter på gang:
Kunstig intelligens
«Vi har lagt inn to nye spørsmål om KI, eit om i kva grad ein nyttar det i jobben og eit om ein trur auka bruk av KI vil være ein fordel, ulempe eller utan betydning for arbeidssituasjonen dei neste to åra,» fortel seniorrådgjevar Linda Hauge i Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv. Ho har ansvaret for barometeret.
Er meir pensjon ein grunn til å jobbe vidare?
Nytt i barometeret i år er at vi har lagt inn eit nytt alternativ i spørsmåla om grunnar til å fortsette sjølv om ein kunne gått av, for dei under 62 og dei på 62 og eldre.
Det nye alternativet er at å få meir pensjon er ein (viktig) grunn til å fortsette å jobbe.
«Vi har hatt eit svaralternativ om at jobben er «godt betalt», men trur at det ikkje fangar opp betydninga av økonomi som motivasjon for å jobbe, godt nok,» seier Hauge.
Fødeland
Vi har også lagt inn spørsmål om korvidt ein er fødd i Norge eller ikkje. Og hvis ikkje, kor gammal ein var då ein flytta til Norge fyrste gong. Dette spørsmålet er fyrst og fremst meint for eit prosjekt som NIBR jobbar med.
Er web betre enn telefon?
Ipsos gjer i år meisteparten av undersøkinga på telefon. I år testar vi også ein web-undersøking for 500 respondentar. Dette er tenkt som ei utprøving av datainnsamlingsmetode sidan det blir vanskelegare og vanskelegare å få tak i folk på telefonen. Særleg er unge vanskelege å få tak i på telefonen.
«Det blir spennande å sjå om resultata skil seg frå telefoninnsamling,» seier Hauge.
På Forskningskonferansen
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv vil presentere årets barometer på vår årlege Forskningskonferansen fredag 30. oktober. Vi åpnar for å melde seg på midt i september.
