Norsk seniorpolitisk barometer

Nye spørsmål om KI, fødeland og pensjonens betydning

Nå kommer nye svar om seniorer sin bruk av kunstig intelligens, fødeland og hvor viktig økt pensjon er for å jobbe lenger.

Av Berit Solli, 1. september 2026

Linda Hauge

Linda Hauge. Foto: Foto: Leikny Havik Skjærseth

Vi presenterer Norsk seniorpolitisk barometerForskningskonferansen fredag 30. oktober. Ipsos er nå i innspurten på intervjuene med 3000 medarbeidere. I tillegg til å fortsette med de samme spørsmålene om holdninger blant eldre arbeidstakere siden 2003, har vi i år tre nyheter på gang:

Kunstig intelligens

«Vi har lagt inn to nye spørsmål om KI, eit om i kva grad ein nyttar det i jobben og eit om ein trur auka bruk av KI vil være ein fordel, ulempe eller utan betydning for arbeidssituasjonen dei neste to åra,» fortel seniorrådgjevar Linda Hauge i Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv. Ho har ansvaret for barometeret.

Er meir pensjon ein grunn til å jobbe vidare?

Nytt i barometeret i år er at vi har lagt inn eit nytt alternativ i spørsmåla om grunnar til å fortsette sjølv om ein kunne gått av, for dei under 62 og dei på 62 og eldre.

Det nye alternativet er at å få meir pensjon er ein (viktig) grunn til å fortsette å jobbe.

«Vi har hatt eit svaralternativ om at jobben er «godt betalt», men trur at det ikkje fangar opp betydninga av økonomi som motivasjon for å jobbe, godt nok,» seier Hauge.

Fødeland

Vi har også lagt inn spørsmål om korvidt ein er fødd i Norge eller ikkje. Og hvis ikkje, kor gammal ein var då ein flytta til Norge fyrste gong.

Er web betre enn telefon?

Ipsos gjer i år meisteparten av undersøkinga på telefon. I år testar vi også ein web-undersøking for 500 respondentar. Dette er tenkt som ei utprøving av datainnsamlingsmetode sidan det blir vanskelegare og vanskelegare å få tak i folk og dermed meir kostbart. Særleg er unge vanskelege å få tak i på telefonen.

«Det blir spennande å sjå om resultata skil seg frå telefoninnsamling,» seier Hauge.

På Forskningskonferansen

Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv vil presentere årets barometer på vår årlege Forskningskonferansen fredag 30. oktober. Vi åpnar for å melde seg på midt i september.